NordvestProfil AS - alt i skilt, profilering og reklame!
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Om oss

NordvestProfil AS held til i Ørsta på Sunnmøre.

Vi er fire fast tilsette, og har til saman over 35 års røynsle.
Sidan 2015 har vi vore inkluderande bedrift for arbeidsavklaring, arbeidspraksis og arbeidstrening gjennom NAV. 
Eilev Mo starta det heile i 2013, etter fleire års hobbyverksemd i enkeltmannsforetak heime på Øvre Mo. 
Først var bedrifta i kjellaren på Nordea-bygget, men etter 15 månader under asfalt og betong, flytta vi til Holmegata 5. 
13 månader etter vart det behov for betre plass og meir dagslys, og vi er no å finne i Webjørn Svendsengt. 14 i Ørsta. 
Vi har no butikk, produksjon og kontor i Webjørn Svendsengt. 14, og monteringshall i Holmegata 5. 

Her produserer vi skilt, dekor, storformatprint, tekstiltrykk, og har stort utval i profil- og arbeidskle!

Vi er større enn du trur - og vi er alltid på jakt etter nye utfordringar! Spør oss om profilerings- og reklameoppdrag! 

 

Trykk Enter for å søke eller Esc for å lukke